onsdag 27. mai 2009

Buekorpsgutten

Joda, dei vandrar i eit minefelt buekorpsguttane, Bergens støyande kulturminne.

 

 

 

 

I Hildebr. Meyers gd. er det jobba iherdig for å fjerne denne piecen. Er det ein huseigar som ikkje er begeistra for gatekunst?

…eller nokon som ikkje er begeistra for buekorps?

…eller…

…kanhende det er ein buekorpsentusiast som ikkje vil sjå minene ?

Wikipedia Buekorps:

English

Norsk

søndag 18. mai 2008

"Puppy Love" i Teatergaten er borte.



Bergen 30.aug.2007

Overraskelsen var stor då eg i mai 2008 såg at Puppy Love i Teatergaten var malt over. Dette har slett ikkje fått samme oppmerksomhet som då Friele forsvant frå Smørsbroen.
6.mai 2008
Hus treng vedlikehald, men var det eg som hadde ein DOLK på min eigedom ville eg nok gjere alt eg kunne for å bevare den.

DOLK "Love hurts"


Norge Bergen Olav Kyrres gate 16.mai 2008

fredag 16. mai 2008

fredag 26. oktober 2007

onsdag 24. oktober 2007

DOLK - Vestre Strømkaien


BERGEN,Vestre Strømkaien.24.okt.2007.

Denne har sikkert stått lenge, men eg har ikkje lagt meke til den før i dag. Denne finn du når du går over gata i lyskrysset frå Bystasjonen mot Vestre Strømkaien.

fredag 5. oktober 2007

PÅ EGNE BEIN








Bergen 5.okt.2007.
Takk til Svenn som tipsa meg om denne.

Eg ser denne som det å stå på egne bein, gjere seg uavhengig.
Det å få prøve med usikre, vaklande steg før du er sterk nok og trygg nok til å gå stødig og sikkert på eigne bein.
Rullestolen,- verkeleg godt symbol.

Dette utsmykningsverket prydar yttervegg på Fysak,aktivitetshus for uorganisert ungdom på Landås.
FLEIRE FOTO

Denne blir på The Giant kalla 'Sleepwalker'

lørdag 22. september 2007

fredag 21. september 2007

'Waitler'

Bergen. 20.sept.2007

Denne kom eg over i trappa ved Puddefjordsbroen sammen med gatekunst ma. av STRØK.
Eg var overraska over kor mykje gatekunst eg fann akkurat her.
HER kan du sjå meir av det som finst i 'Puddefjordtrappa'

DOLK 'Phone'

Bergen, Professor Keysersgate. 20.sept.2007.
FLEIRE FOTO 'Phone'

torsdag 20. september 2007

DOLK 'Love hurts'

DOLK 'Love hurts' Bergen 20.sept.2007
Denne har eg lagt foto av tidlegare og, men legg her eit nytt og betre foto.

'I am your father'

DOLK 'I am your father' Bergen, 20.sept.2007
Synd at vær og vind har tært på denne.
Besøker du denne bloggen finn du eit langt betre eksemplar.

mandag 17. september 2007

DOLK - Gasmask

Bergen, Torgallmenningen juli 2007
Fleire foto

.

Phone


Bergen, Nygårdsgaten 2007
Fleire foto

søndag 16. september 2007

Wheelchair lovers


Bergen, Østre Murallmenning 2007

'Grenade lovers'





Ved Torget i Bergen. 11.juli 2007
Dette er blant favorittane mine.

lørdag 15. september 2007

DOLK - Friele 'ordførar og kremmar'

DOLK - Friele. Juli 2007 Smørsgate , Bergen, Norway


Malt over 28. aug. 2007
DOLK har blitt populær blant mange her i Bergen, og det vekte reaksjonar då Vegvesenet måla over gatekunsten under Smørsbroen.
Kort tid før denne vart fjerna, var og 'Che' i samme gate malt over.


spørsmål frå BA om kva som kan ha inspirert DOLK til å lage deette kunsverket, svarar Friele at det er han ikkje sikker på, men føreslår at det kan vere Clinton besøket.

Den første assosiasjonen eg fekk då eg såg Dolks Friele, var at Friele i ordførarperioden deltok i reklame for Kaffehuset Friele der han sjølv var styreleiar.
MEN kva som inspirerte DOLK, eg trur det er reklameopptredenen og litt til.

lørdag 8. september 2007

DOLK - 'Control'






DOLK 'Fjernstyrt fugl'
Bergen 'Nygårdsgaten' 30.juli 2007
Eg trudde først at dette var ein fjernstyrt engel. Ein veldig vakker stencil synest eg, og eg vart veldig glad då eg på slutten av ein lang 'bytrasketur' fann denne.

DOLK - 'pinnsvin og mine'


DOLK - Pinnsvin
Bergen, Teatergaten 30.juli 2007.

Det er 2 DOLK stencils eg berre har sett på ein vegg, Pinnsvinet og 'Herman Friele.'
Eg har leita etter dette på internett,men har ikkje funne noko foto frå andre byar, og heller ikkje andre vegger her i Bergen.

DOLK - Che


DOLK 'Che'
Bergen,Smørsgate juli 2007.
Dette er ein av DOLK's stencils som no er borte frå gatebildet i Bergen.Det var 25.aug.2007 eg oppdaga at den var overmalt.3 dagar før 'Herman Friele' som stod på veggen under Smørsbroen litt lenger oppe i gata gjekk over i historien.

torsdag 6. september 2007

"The last Mona"


DOLK 'Mona Lisa'
Bergen, Magnus Barfotsgate aug.2007

onsdag 5. september 2007

' Love hurts '


DOLK 'Love hurts'
Bergen 11.aug.2007



DOLK 'Love hurts'
Bergen 30.aug. 2007

Dei første DOLK stencils eg fann. 'Weed killer', 'Che' og 'Love crash'


DOLK 'Weed killer'




Dette var ein av dei første DOLK stencils eg oppdaga, men ikkje den aller første.

Den første var Che Guevara ved Østre Murallmenning.



DOLK 'Che'


På veg frå Verftet fann eg desse i Skottegaten
DOLK 'Weed killer'



DOLK 'Love crash'
Alle desse kom eg over på veg til og frå verftet 27.juni 2007